KALVØ - ein time av livet ditt du aldri får tilbake.

Arrangementsinformasjon
Default are kalvo 4

HVA NYTTAR DU TIMANE I LIVET DITT TIL?

Visste du at vi nyttar om lag tre og eit halvt år av liva våre til å pusse tennene og stelle oss? At vi søv i gjennomsnittleg 27 år? Ser på TV og er på nett i 10 år? Ikkje det? Are Kalvø har saumfare tala i Statistisk Sentralbyrås Tidsbrukundersøking frå 2012, og funne fram til dei raraste ting vi bruker utruleg mykje tid på.

INTENS JAKT

Er vi som lever her og no i det heile i stand til å gjere noko stort? Eller har vi for mykje anna å gjere? Kalvø leitar etter svar og nyttar skamlaust eksempel frå sitt eige liv og oppvekst, frå venner, kvardagsmenneske, politikarar, idrettsstjerner og andre kjendisar. Til å hjelpe seg på scenen har han eit lite husband, i tillegg til ein ny gjest kvar kveld.

FINN HAN SVARET?

Ikkje godt å seie, men han har tenkt å ha det morosamt medan han leitar. Og han har tenkt å bryte ut i song og digresjonar om alt frå plukkfisk til pubquiz, og kanskje – viss alt anna slår feil – i dans. Nyttar vi tida vår på dei rette eller dei gale tinga? Kanskje ligg svaret på eit av livets store gåter skjult i tala om tidsbruk. Kanskje sjølve meininga med livet.

KUNSTNARLEG LAG

  • Regissør: Erik Ulfsby
  • Scenograf og kostymedesignar: Mia Runningen
  • Lysdesignar: Ole Randers
  • Musikkansvarleg: Ståle Sletner
  • Dramaturg: Ola E. Bø

·  Manusinnspel: Jens M. Johansson, Agnes Ravatn, Dagfinn Lyngbø

·  Projeksjonar: Raymond Stubberud, Nikolai Bergstrøm

BAND

  • Piano, m.m.: Ståle Sletner 
  • Bass, m.m.: Ole Marius Melhuus

are kalvø

Restriksjoner

Det er ingen nedre aldersgrense på arrangementet, men barn under 15 år anbefales å være i følge med en voksen person. Dørene åpner en time før arrangementets start.

Ansvarsfraskrivelse

Billetter refundres kun ved avlyst arrangement.
Rabatterte billetter er kun gyldig ved fremvisning av evt. moderasjonsbevis (studentbevis o.l).